Finn en fysioterapeut

Gå til søkeside

Pasientbrosjyrer


Tips og øvelser

Overvektige born og inaktive vaksne

Stad: Gloppen. Samarbeid mellom helsestasjon, skule og lag/organisasjonar; fysioterapeut, lege og arbeidsgjevar. Førebyggjande og helsefremjande arbeid, organisert gjennom fysioterapitenesta.


Kommunen har eit tilbod til overvektige born, med vekt på fysisk aktivitet, kosthald og innpass i aktivitetar i det ordinære fritidstilbodet i kommunen. Tilbodet er eit samarbeid mellom helsestasjon, skule og lag/organisasjonar.

"Kom i gang" er eit prosjekt for vaksne som anten har, eller står i fare for å få, helseplager på grunn av for lite fysisk aktivitet. Det er eit samarbeid mellom fysioterapeut, lege og arbeidsgjevar, og består av:

- tilvising frå lege
- fri med løn til kommunalt tilsette som deltek
- helsesamtale ved oppstart
- kondisjonstest før og etter
- tilpassa gruppetrening v/fysioterapeut tre gonger i veka i tre månader
- eigentrening éin gong i veka
- kosthaldskurs på 15 timar ("Bra mat"-kurs)
- oppfølgingstreff med ny kondisjonstest tre månader etter gjennomført opplegg.

Finn en fysioterapeut

Gå til søkeside

Pasientbrosjyrer


Tips og øvelser