Fleire vil bli fysioterapeut

I år viser tal frå Samordna opptak at 2175 søkjarar har fysioterapeututdanninga som førstevalet sitt, ein auke på kring 7 % frå 2017. Dei konkurrerer om 382 planlagde studieplassar.


Auken i søkjartala til fysioterapeututdanningane gjeld både totalt og for søkjarar med fysioterapistudiet som førsteval. Auken for fysioterapi er også ein god del større enn den totale auken i søkjartala til høgare utdanning.