Regioner


Fag- og interessegrupper


Tillitsvalgte

Tillitsvalgte

Kontaktpersoner

Kontaktpersoner

Studentoppgave: "Trening som ein del av rehabilitering av kreftpasientar"

Rapport fra studentoppgave våren 2009:
"Trening som ein del av rehabilitering av kreftpasientar - eit litteraturstudie"
av Katrine Nygård, Bergen.
Problemstilling: "Kva seier forskning om betydinga av uthald- og styrketrening i høve til fysisk form og livskvalitet hjå kreftpasientar i rehabiliteringsfasen"
Oppgaven er blitt premiert med kr. 1000,- av FOLs Fond for Fagutvikling.


Kreft er ein sjukdom som rammar stadig fleire. I 2007 var det 25943 personar i Noreg som fekk ein kreftdiagnose. Det siste tiåret har talet på nye krefttilfelle i Noreg stadig blitt høgare, og fram mot 2020 er det venta ei auke i nye krefttilfelle på om lag 30%.

Sjukdomen i seg sjølv, og den tøffe behandlinga den fører med seg, kan ofte ha negativ innverknad både på fysisk form og livskvalitet hos desse pasientane. Før i tida blei kreftpasientar råda til å halde seg i ro og unngå fysiske anstrengingar. Dette for å spare på kreftene. Men med tanke på kva ein veit om konsekvensane av inaktivitet, er dette synet i dag byrja å endre seg. Dei siste tiåra har det vore ei aukande interesse for betydinga av fysisk aktivitet og trening innan rehabilitering av kreftpasientar. Med utgangspunkt i dette ynskte eg i mi bacheloroppgåve å sjå nærmare på kva forsking seier om trening som ein del av rehabilitering av kreftpasientar. Eg valde problemstillinga: ”Kva seier forsking om betydinga av uthald- og styrketrening i høve til fysisk form og livskvalitet hjå kreftpasientar i rehabiliteringsfasen?”

Fire studiar blei inkluderte i oppgåva. Felles for alle studiane var at dei hadde som føremål å undersøke effekten av uthald- og/eller styrketrening i forhold til fysisk form og/eller livskvalitet hjå kreftpasientar i rehabiliteringsfasen. Det vil sei pasientar som anten er under medisinsk behandling eller som har avslutta medisinsk behandling. To av studiane bestod av pasientar med brystkreft. I den eine studien var pasientane under behandling med cellegift, i den andre studien hadde pasientane avslutta medisinsk behandling. Ein studie bestod av pasientar med kreft i prostata som var under hormonell behandling, og ein bestod av pasientar med anten brystkreft eller tjukktarmskreft som hadde avslutta medisinsk behandling. I alle studiane deltok pasientane på trening tre gongar i veka, i minst ti veker. Intensiteten på treninga var låg til moderat.

Resultata frå desse fire studiane tyder på at uthaldstrening kan betre uthald hjå pasientar med bryst- og tjukktarmskreft etter avslutta behandling, og hjå brystkreftpasientar under behandling med cellegift. Styrketrening kan betre muskelstyrke hjå pasientar med kreft i prostata som er under hormonell behandling, og hjå brystkreftpasientar under behandling med cellegift. I følgje ein av studiane er eit kombinert uthald- og styrketreningsprogram effektivt for å oppnå både betre uthald og auke i muskelstyrke hjå brystkreftpasientar etter avslutta behandling. Resultata frå dei inkluderte studiane tyder også på at trening kan vere med på å auke livskvaliteten hjå kreftpasientar.

Resultata i studiane tyder på at trening med låg til moderat intensitet, tre gonger i veka, i minst ti veker er eit akseptabelt nivå å legge seg på. Men sjølv om resultata er positive er det endå ein veg å gå før ein kan slå fast kva for kreftpasientar som har nytte av trening og kva type trening som er den beste. I tillegg er det viktig å kartlegge eventuelle skilnader mellom trening under og etter medisinsk behandling.

Comments
blog comments powered by Disqus

Regioner


Fag- og interessegrupper


Tillitsvalgte

Tillitsvalgte

Kontaktpersoner

Kontaktpersoner