Unio om korona-situasjonen

– Som fagorganiserte veit vi godt kor viktig fellesskap er. Vi har trening i å vere solidariske. Vi veit at samhald gir styrke. Og vi kan stå saman og gå i takt når det trengst. No trengst alt dette meir enn nokon gong før, seier Unios leiar.


Unio har den siste veka publisert ei rekkje nyheitssaker og kommentarar om koronakrisen og følgjene av den for Unios medlemmer og norsk arbeidsliv. I Unio-leiar Ragnhild Lieds kommentar (relatert lenkje) skriv ho mellom anna dette:

"I praksis er det ingen som går fri i denne krisesituasjonen. Også blant Unio sine medlemsgrupper i privat sektor er det fare for permitteringar. Både arbeidstakarar og bedrifter blir hardt pressa. Av våre medlemsgrupper gjeld det særleg fysioterapeuter som er sjølvstendig næringsdrivande. Difor har Unio i innspel til regjeringa kravd at krisepakkane tar omsyn til dette. Så får vi håpe at flest mogeleg av arbeidsplassane overlever, sier Ragnhild Lied."

(foto av Ragnhild Lied: frå www.unio.no)

Unio-leiar Ragnhild Lied