Landsmøtetalen til forbundsleiar Fred Hatlebrekke

Forbundsleiar Fred Hatlebrekke opna Hovudlandsmøtet 2019 med talen sin til landsmøtet, der mange aktuelle tema blei framheva.


Kjære delegatar, kollegaer, æresmedlemmar og gjestar!

Kjære Hovudlandsmøte!

Velkomen skal dokke alle vere - til Norsk Fysioterapeutforbund sitt 30. landsmøte!

Eit Hovudlandsmøte gir oss eit høve til å sjå tilbake, ikkje berre på dei tre siste åra, men også til å dvele litt ved dei lange linjene.

Respekt er ein av forbundet sine fem grunnverdiar – og for meg er det viktig å vise respekt for den enorme jobben dei som kom før oss gjorde – for dei som la grunnlaget for dette stolte og levande forbundet. Mange av våre forkjemparar har gått bort, og ein av desse var Inger Marie Veening som døde tidlegare i år. Inger Marie var forbundsleiar frå 1984 til 1989.

Ho viste mot, og medverka til å legge grunnlaget for NFFs andre grunnverdi – MOT - då ho tok initiativ til boikotten av WCPTs generalforsamling og verdskongress i 1987. Bakteppet for vedtaket på NFF sitt landsmøte i 1985, var ein FN-resolusjon i protest mot Sør-Afrika sin apartheid-politikk.

Dersom ein ikkje lærer av historia – så har den ein tendens til å gjenta seg – for også no har WCPT sitt valg av stad for verdskongressen skapt uro. Og eg innrømmer gjerne at vi har medverka til å skape denne uroen – for saman med det danske forbundet har vi stilt kritiske spørsmål til valget av Dubai som vertsland i 2021.

Eit land der det å vere homofil er forbudt – og der rettigheitene til kvinner og arbeidstakarar er lite verdt.

Regionane og Etisk utvalg har fulgt opp kritikken frå forbundsstyret og har unisont oppfordra til boikott av kongressen.

Eg har ikkje berre respekt for motet forgjengarane våre har vist, eg har også svært stor respekt for kor kloke og framsynte mange av våre forgjengarar var!  I desse dagar er det faktisk 45 år sidan forbundets initiativ til å opprette Fond til etter- og videreutdanning av fysioterapeuter vart krona med seier – og fondet vårt vart ein realitet! Tenk så viktig dette har vore for tusenvis av fysioterapeutar – frå 1974 og fram til i dag – og framover så langt vi kan sjå. Og lenger til!

La oss difor minnast og hedre våre kloke foregangskvinner og -menn med takksemd.

Som sagt, landsmøtet gir oss høve til å skue bakover. Vi lever i hektiske tider og dette pregar kvardagene – også mine - difor er det ikkje så ofte eg tar meg tid til å sjå tilbake. På det vi faktisk har oppnådd dei siste åra. Små og store endringer, som i sum, har stor betydning for både pasientar og fysioterapeutar. Sidan forrige Hovudlandsmøte har vi blant anna:

-        Fjerna ein omvei for pasientane ved å ha fått på plass direkte tilgang til avtalefysioterapeutar.

-        Sørga for at fysioterapi igjen har vorte ei lovpålagd tjeneste i kommunane.

-        Forhandla oss fram til at staten finansierte oppkoblinga til Norsk Helsenett.

-        Pressa på for at fysioterapeutar i 2016 vart inkludert i ordninga med Innsatsstyrt finansiering i sjukehusa.

Dette er alle eksempel på politiske seierar, og bak dei fleste ligg det mange år med hardt arbeid! Og som eg er utrulig stolt av at vi har fått til!

Men det har også skjedd mykje anna viktig i forbundet vårt – både fagleg og på forhandlingsfronten. 

Vi har blant anna:

-        Gjennomført ein svært vellykka fysioterapikongress! Faktisk «The best congress ever»! Både med hensyn til antall – vi var nærare 1000 deltakarar, men også når det gjeld fagleg og sosialt innhald – og mat – for vår erfaring frå den første kongressen var at jammen er fysioterapeutar også temmeleg opptatt av mat! (haha)

-        Eg må også trekke fram at vi dei siste tre åra har hatt 640 deltakarar på tillitsvalgtopplæring.

-        Vi har også kvart år gjennomført samlingar for leiarar både i kommunesektoren og spesialisthelsetjenesten.

-        Tusen takk også til regionleiarane og faggruppa for manuellterapi for at dokke bretta opp ermene og sørga for at det vart arrangert fleire kurs i alle regionane i forbindelse med innføringa av direkte tilgang!

-        Og sidan forrige hovedlandsmøte har vi – trass i ein reduksjon i midlar frå Fondet, framleis klart å oppretthalde høg fagleg kursaktivitet. Takka vere faggruppene! Berre på to år var det heile 2348 deltakarar på NFF sine fagkurs. Tusen takk til faggruppene for at dokke har tatt eit så stort ansvar!

All denne aktiviteten viser at vi både står samla og bidrar til at medlemmane har muligheit til å halde seg fagleg oppdatert og få god tillitsvalgtopplæring. Og med det viser vi at vi etterlever endå to av våre fem grunnverdiar – nemleg KOMPETENT OG SAMLA! Begge deler like viktig – og begge deler krev stor innsats frå mange!

Når det gjeld sentrale lønns- og tarifforhandlingar, utdanning og arbeidslivspolitikk støttar vi oss tungt på Uniofellesskapet!

Langsiktig strategisk arbeid i kommunal sektor har gitt eit historisk løft for fysioterapeutane. Etter siste lønsoppgjeret opplevde fleire medlemmer eit lønshopp på over 50 000 kroner.

I sjukehussektoren har det vore ein kamp for å unngå lavare startløn enn for sjukepleiarane. Den har vi vunne, med god hjelp frå Unio-familien.

Her står vi SAMLA – med 368 000 andre i Unio.

Eg har virkelig kjent kor viktig dette fellesskapet er for oss. Og eg veit at vi med våre bidrag også er viktige for Unio!

Den femte av våre grunnverdiar er SAMFUNNSENGASJEMENT.

I dag er vi eit forbund som har kome godt i gang med å ta samfunnsansvar. I denne landsmøteperioden har vi vist dette blant anna ved at:

-        Vi har løfta fram ein ny samhandlingsmodell med fastlegane – den såkalla «Knutepunktmodellen» - som eg trur vil få ei rolle i dei nye pakkeforløpa for muskel- og skjelettlidingar.

-        Vi har vorte partnarar i «Gjør kloke valg»-kampanjen, som er sett i gong av Legeforeninga.

-        Vi har erkjent at stillesitting er ein av dei store utfordringane for folkehelsa, og har difor bidratt tungt inn i regjeringas pågåande arbeid med handlingsplanen for fysisk aktivitet.

-        Vi har stått skulder ved skulder med Kreftforeninga, Idrettsforbundet, Nasjonalforeninga for folkehelse og Legeforeninga i vår Allianse for 1 time fysisk aktivitet i skulen. Eit samarbeid som endelig ser ut til å gi resultat.

-        Og vi har løfta fram våre pasientar og deira sine behov i prioriteringsdebatten og i utallige offentlige høyringar. For er det noko eg aldri har vore i tvil om, så er det at vi fysioterapeutar er opptatt av å medverke til gode helsetjenester – og gode pasientforløp!

På eit Hovudlandsmøte må vi sjølvsagt også sjå framover – og framover ser vi!

Som sagt har vi kome eit godt stykke på veg med å ta samfunnsansvar. Og det gjer meg stolt å kjenne på at eg er ein del av eit forbundsstyre som når det siktar framover - siktar høgare.

For forbundsstyret har erkjent at vi må bruke vår kraft og vår stemme til å sørge for at det vert auka fokus på områder som har betydning for mange – og som får altfor lite merksemd.

Vi har difor valgt å prioritere tydelegare denne gongen! For også våre ressursar er knappe. Prioritering er alltid vanskeleg, og eg vil seie at det krev mot - for noko må som ein følge av dette faktisk prioriterast ned. Og eg har erkjent at det har vi nok ikkje hatt særleg tradisjon for!

For vi har valgt ut tre satsingsområder. Folkehelse. Habilitering og rehabilitering. Og Arbeid og helse.

For å få på plass ein tydelegare NFF-politikk på desse tre områda erkjente vi at vi hadde behov for meir samla kunnskap - for det er eit sjølvsagt mål at NFFs politikk skal bygge på ein grunnmur av kunnskap.

Difor har utallige rapportar, veiledarar og forskningsartiklar vorte lest. Og vi har i tillegg hatt god dialog med faggrupper og ulike andre fagmiljø. Vi har vore på mange spennande virksomheitsbesøk – der vi har fått nyttige innspel frå medlemmer og andre. På bakgrunn av all kunnskapen vi no har samla har vi endelig fått på plass ein godt gjennomarbeida politikk.

Det første satsingsområdet - folkehelse - vart allereie forankra av Hovudlandsmøtet i 2016, der det vart vedtatt at fysioterapeutar si betydning i folkehelsearbeidet måtte synleggjerast og styrkast.

Dei viktigaste årsakene til sjukdom og redusert helse i den norske befolkninga er muskel- og skjelettsjukdommar, psykiske plager og lidingar, hjerte- og karsjukdommar og kreft. Dette er sjukdommar som langt på vei kan forebyggast.

Og i ein rykande fersk OECD-rapport vert det påpeika at vi i Norge bør verte meir opptatt av å forebygge før sjukdom inntreff, og kome tidleg til med pasientnære helsetiltak for å hindre at sjukdom utviklar seg.

Og eg er så hjertens enig – for dette er noko vi fysioterapeutar har terpa på så lenge eg veit!

Folkehelsearbeid foregår i mange sektorar, men vi er sjølvsagt svært opptatt av kva helsetjenestane kan bidra med for folkehelsa, og her står helsestasjon- og skulehelsetjenesten, og frisklivssentralane i ei særstilling.

Difor har vi også i denne perioda jobba for å få på plass fleire fysioterapiårsverk – og vi har i tillegg framsnakka frisklivssentralane si unike rolle kvar gong vi har hatt muligheit.

Og tatt til orde for ein opptrappingsplan slik at alle kommuner skal få frisklivssentral.

Dette fører meg over til vårt andre satsingsområde.

Etter at samhandlingsreformen vart innført har rehabiliteringstilbodet i spesialisthelsetjenesten vorte bygd gradvis ned, medan tilbodet ikkje er bygd tilsvarande opp i kommunehelsetjenesten. Dette kjem tydeleg fram i statistikkar og rapportar – og i mange pasienthistorier vi har fått høre dei siste åra.

Vi fysioterapeutar som virkelig veit kor utrulig viktig rett behandling til rett tid er – vert direkte opprørt over at hjertepasientar, slagpasientar og nyopererte vert sendt heim frå sjukehus – utan eit reelt rehabiliteringstilbod når dei kjem heim.

For dei som treng habilitering og rehabilitering er det ikke alltid snakk om å gjenvinne all tapt funksjon, men det er alltid snakk om å gjenvinne livskvalitet og verdigheit. For meg handlar habilitering og rehabilitering om verdigheit og sjølvstendigheit, om å få eit verdig liv tilbake.

Difor prioriterer vi rehabilitering og habilitering. For også her har fysioterapeutar kjernekompetanse – og det vil rett og slett vere ei unnlatelsessynd om vi ikkje er tydelege her!

I fleire politiske utspel har vi stått saman med Ergoterapeutane, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Handikapforbundet. For skal vi ha muligheit til å få gjennomslag her, må vi stå saman med både pasientar og andre profesjonsgrupper som er like opprørte over den manglande rehabiliteringa, som vi er!

Men vi kan ikkje berre protestere og klage – vi må sørge for å kome i dialog med myndigheitene – vi må SAMHANDLE for å få gode pasientforløp! For vi er ikkje berre ei fagforeining – vi er også ein ansvarsfull profesjonsorganisasjon!

Det tredje satsingsområdet er arbeid og helse. Nokre tenker kanskje – «kvifor det?» Medan andre nok tenker – «det var jammen på tide!»

Det er fleire grunnar til at dette området er valgt ut – den eine årsaka er at dette no er eit nasjonalt satsingsområde gjennom at regjeringa har bestemt at Arbeid og helse skal byggast opp som eige fagområde.

Den andre grunnen til at vi har valgt å prioritere dette området, er at vi ser kor viktig arbeid er for helsa. Og arbeid er eit sentralt levekårsgode som medverkar til å redusere sosial ulikheit i helse. Tap av arbeid gir auka risiko for å utvikle psykiske helseproblem, og psykisk helse vert ofte bedre ved tilbakekomst til yrkeslivet.

Den tredje grunnen til at dette er viktig for oss er at fysioterapeutar er sentrale i arbeidet med å hindre fråfall frå jobb.

Vi er sentrale i arbeidet med å få sjukmeldte tilbake i jobb.

Dessuten er vi sentrale i arbeidet med å føre dei unge med psykiske og fysiske helseplager inn i arbeidslivet.

For fysioterapeutar møter arbeidstakarar kvar dag – vi møter dei

-        i bedriftshelsetjenesten

-        som HMS-rådgivarar

-        i avtalepraksis

-        i privat praksis

-        i distriktspsykiatriske sentre

-        på frisklivssentralane

-        på Arbeidslivssentrene

-        på Hjelpemiddelsentralane

-        i Arbeidstilsynet

-        og i arbeidsretta rehabilitering

Vi er kanskje den yrkesgruppa som er involvert i dei fleste av delområda i dette breidt samansette feltet.

Så vil eg avslutte med to gladnyheiter. Den første er at vi 1. november passerte 10.000 medlemmar – og aldri har vi vore fleire fullt betalande medlemmer! I ei tid der organisasjonsgraden går ned i Norge, er det difor godt å sjå at vi no opplever reell vekst!

Den andre gladmeldinga er at vi dei siste åra har sett ein etterlengta vekst i antall fysioterapiårsverk både i kommunehelsetjenesten og i spesialisthelsetjenesten.

Skuldast veksten den jobben forbundsstyret, regionane, forbundet sine råd og utvalg og sekretariatet gjer? – Ja, eg vel å tru at vi alle har medverka.

Men når det er sagt – og dette har eg nok sagt før også – så er eg ikkje i tvil om at dei som utfører den aller viktigaste jobben for å synliggjere behovet for dyktige fysioterapeutar – det er dokke. Det er dokke som er grunnfjellet – det er dokke som med solid kunnskap og empati møter pasientane kvar dag!

Det hadde rett og slett ikkje vore mulig utan dokke!

Og saman utgjer vi ein skilnad!

Då ønsker eg dokke alle saman tre dagar med godt Hovudlandsmøte!