Meir til helse og omsorg med KrF-budsjettavtale

Avtalen om statsbudsjettet for 2019 mellom regjeringa og Kristeleg Folkeparti inneber meir midlar til fleire område på helse- og omsorgsfeltet.


Blant påplussingane finn vi 100 millionar til auka bemanning i helsestasjons- og skulehelsetenesta, og meir til jordmortenesta og tiltak som gjeld psykisk helse og rus. Ser vi helse- og omsorgsområdet og flyttinga av dei over 4,3 milliardane under eitt, ser vi ei tydeleg styrking av tiltak for born, familiar og eldre, og auka vekt på friviljug sektor.

Sjå relaterte dokument med tal og verbalgrunnlag.